HIGHLIGHTS i kultursalen
HIGHLIGHTS er ei framsyning med nokre av dei eldste songelevane ved Gloppen kulturskule. Orkester fordjupning, som består av elevar frå Gloppen og Stad kulturskular, skal også vere med og utgjer ein stor del av konserten. Orkesteret består av vidarekomne elevar i hovudsak på strykeinstrument, men andre instrumentgrupper er også med. Orkesteret skal blant anna framføre Nessun dorma av Puccini og Habanere av Bizet.
Songarane Freya Søholt, Nicolai Hauge Ravnestad, Åsaliv Røgeberg og Martine Nordvik-Svarstad vil på framsyninga framføre filmmusikk, opera og høgdepunkt frå musikalen "Phantom of the opera".
Her vil det bli drama og kjærleik med storslått song og musikk, og du vil garantert dra kjensel på nokre av tonane.
Kom og la deg begeistre av nokre av dei mest erfarne elevane ved Gloppen og Stad kulturskular saman med lærarar og distriktsmusikarar.
Gloppen kulturskule