Maria Louise Bjørkavoll, som mange kjenner som Maria frå The Voice, er eit av våre store talent frå Nordfjord. Ho er busett på småbruk på Stadlandet etter å ha flytta heim frå Tigerstaden Oslo.

Bli med på Ny klang og nostalgi i Trivselshagen!

Under tittelen «Ny klang og nostalgi» inviterer kjende lokale songarar og musikarar i lag med eit stort talent frå Stadlandet til ein triveleg konsert i Trivselshagen fredag 15. august.

Her kan du høyre Tre kvinner og ein mann saman med stort orkester av dyktige musikarar, og vi kan møte Maria frå «The Voice synge gripande tekstar på Nordfjord-dialekt.

Med stort orkester

Tre kvinner og ein mann har med åra vorte så varme i trøya i fjordarmane våre at dei knapt treng nokon nærare presentasjon. Dei gjorde seg kjende gjennom ein serie flotte julekonsertar gjennom fleire år, og har også opptredd i mange andre samanhengar, m.a. den store jubileumskonserten til Firda Tidend i Sandane sentrum i fjor. Dei er også kjende frå Breimskoret. Tre kvinner og ein mann er Hege Alme, Britt Glomnes Willumsen, Randi Skaaden Felde og Sjur Atle Austrheim.

Dei har med seg eit stort orkester med drivande gode musikarar: Arne Søholt, Morten Leirgul, Jørn Moen, Jakob Leiv Kroken og Kristen Reikvam Ravnestad.

Sidan vi er komne godt ut i august, vil konserten stå i seinsommaren sitt teikn. Det vert lova varme tonar, tidlause klassikarar og nyare låtar, ei reise gjennom både nostalgi og nyskaping.

Maria frå Stadlandet

Folk kan også glede seg til å sjå og høyre eit av våre store talent frå Nordfjord. Maria Louise Bjørkavoll har saman med familien, etter mange år i Oslo, flytta heim til småbruk på Stadlandet. Mange vil nok hugse Maria som deltakar i The Voice 2025, der ho gjorde eit sterkt inntrykk som ein fantastisk formidlar. Ho har tidlegare gjeve ut eit album, men røyver seg no meir i det norske musikklandskapet og syng gripande tekstar på sin eigen dialekt.

Ikkje gå glipp av denne sjansen til å møte talentet Maria frå Stadlandet og våre eigne, framifrå songarar og musikarar!

Tre kvinner og ein mann, med stort orkester, kan du sjå og høyre i Trivselshagen fredags kvelden under Sandanedagane.

 

 

Powered by Labrador CMS