Her er fotografen avbilda saman med to bilete av oselvarbåten og to bilete av nordfjordfæringen. – Tanken bak bileta av nordfjordfæringen, er at ein skal kunne kjenne seg att i landskapet rundt, samstundes som ein skal kunne sjå litt av djupet.

Atle Ove fotograferer under vasskorpa

Alte Ove Martinussen fotograferer under vasskorpa. Gjennom årets sommarutstilling ved Nordfjord Folkemuseum deler fotografen flotte motiv som få kan sjå til vanleg.

Utstillinga ved Nordfjord Folkemuseum har fått tittelen «Båtar og liv i blåe djup».

– Tittelen på utstillinga er inspirert av Olav H. Hauge sitt dikt, «Havet». Det er ein hyllest til havet, og handlar om kor vakkert det er, seier Martinussen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til å jobbe som fotograf, er han leiar for Vestnorsk Kulturakademi på Voss.

– Verda under overflata

Sjølv er han oppteken av miljøperspektivet og at ein kan misse det vakre i havet dersom ein ikkje tek vare på det.

– Eg vil vise fram verda under overflata sett med mine auge. Difor arbeider eg mykje med bileta når eg er under overflata, og målet er å gjere minst mogleg redigering på datamaskina, fortel han.

Av den grunn er bileta som blir stilte ut akkurat slik som dei er når Martinussen tek dei under vatn.

– Biletet i midten er trykt på bambuspapir frå Kina. Det er handlaga, og blir vanlegvis nytta i samband med kalligrafi eller heilage skrifter. Ifølgje trykkeriet er dette første gong eit foto er trykt på bambuspapir, fortel Martinussen.

– Fotograferte nordfjordfæring

– Ei av årsakene til at denne salsutstillinga er komen til Nordfjord, er at eg skulle lage ein film for Norsk Maritimt museum om nordfjordfæringen. Tanken var at eg skulle filme båtane frå sjøbotnen, seier han.

Lokasjonen var Hestenesøyra, og Nordfjordbåtlaget stilte med båtar. Dessverre var ikkje sikta god nok til å få laga film frå undersida av båten.

– Eg tok difor splitta foto, der ein tredjedel av motivet er under vatn, medan resten er over, fortel fotografen, og legg til at det er med slike bilete av både nordfjordfæring og oselvarbåt i utstillinga.

Eksotiske bilete

Utstillinga inneheld også bilete av dykkarar, eksotiske stader og eksotiske sjødyr. Eit av desse sjødyra er nakensnigelen som Martinussen festa på kamerarullen i Gulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På biletet av snigelen ser ein også hydroidar som han et. Når ein leiter etter sniglar og andre havdyr, er det viktig å vite kvar ein finn maten deira. Det er ein samanheng mellom kva dyra et og kvar dei er, peikar han på.

Martinussen sine dykkarvideoar av jettegryter og stortare er òg ein del av utstillinga. I ein av videoane fekk fotografen eit nært møte med ei berggylte.

– Eg arbeider ein del med marinarkeologar på utgravingar og undersøkingar. Dei vil ha bilete som dei kan nytte i sine rapportar, fortel fotgrafen. Dette biletet er teke i Kilstraumen i Austrheim, der det ligg nokre laster med kvernsteinar.

– Eg var komen heim

– Eg tok til å dykke for 21 år sidan. Det heile tok til då ein i nær familie fekk ein alvorleg sjukdom, og det vart tid for å gjere eit langvarig ønske om å prøve dykking til ein realitet, fortel han.

Han tok dykkarsertifikatet, og han hugsar godt den første gongen han dykka i sjø. Då blei han sendt ned til 12 meters djupne åleine.

– Der sat eg og fekk sjå krabbar som kom krypande og fiskar som kom symjande, og eg tenkte for meg sjølv at eg var komen heim.

I utstillinga finn ein varierte motiv. Frå venstre skimtar ein ei reke frå Indonesia, vidare kan ein sjå stortare og ein åtte millimeter stor nakensnigel frå Gulen.

13 utstillingar

Fotografen hadde drive med dokumentasjonsfoto og video i over 30 år. Sidan 2003 har han drive med foto og video under vatn for å vise fram den fantastiske verda som er under overflata.

– Den første utstillinga mi fann stad i 2015, og sidan har eg hatt 13 utstillingar, seier han.

Den største skilnaden mellom å fotografere over og under vasskorpa er at ein må vere heilt trygg på det dykkar-tekniske dersom ein skal kunne fotografere under vatn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må halde seg i ro

– Ein må mellom anna lære seg korleis ein skal balansere drakta, slik at ein ikkje flyt opp og ned. Eg tek mange nærfoto av små sjødyr, og då nyttar det ikkje å røyve på seg, fortel Martinussen.

Ei anna utfordring er at ein ikkje skal øydeleggje noko av plantelivet på botnen medan ein fotograferer. Difor må ein ligge litt over botnen når ein tek bilete.

– Fotoutstyret ein har i sjøen veg 5-6 kilo og drakta ein har på seg veg mellom 30 og 40 kilo. Med ein gong ein er nede i vatnet blir ein heldigvis vektlaus, og då merkar ein ikkje kor tungt utstyret er, smiler han.