– Ta omsyn til løparane

Laurdag arrangerer Fjellhug/Vereide IL Gloppen Halvmaraton, og leiar for arrangementet, Dagfinn Nyhammer, ber dei som er i Sandane-området om å ta omsyn.

– Med rekorddeltaking på i alt 160 løparar, vert det mange som skal springe vegen mot Sørstranda og tilbake. Vi ber alle som køyrer på Fv615 mellom klokka 13 og 16 å vere observante på løparane, slik at vi ikkje får uhell av noko slag. Det køyrer følgjebil framfor løparane, men med så mange kan det bli god strekk i feltet. Løparane tek kortaste vegen, så ver varsam i alle innersvingar. Vegen mellom Flølokrysset og Storebrua vil vere stengt mellom klokka 14.00 og 14.30, med omkøyring via Eide. Ta omsyn til løparane, og køyr forsiktig, formanar Nyhammer.