Gamle Gimmestad kyrkje.

Vi er blitt meir interesserte i kulturarv

I ei ny måling frå SSB, oppgir 47 prosent at dei er svært eller ganske interesserte i kulturarven vår. Dette er ein oppgang på ni prosentpoeng frå 2024.

Publisert Sist oppdatert

Det er også fleire som engasjerer seg aktivt for å bevare kulturminne og kulturmiljø enn før, med ein auke på to prosentpoeng frå 2024. Til saman ein femdel av befolkninga engasjerer seg aktivt, i form av medlemskap i foreiningar, frivillig arbeid eller andre aktivitetar.

41 prosent seier at dei er litt interesserte, medan berre 10 prosent oppgir at dei ikkje har interesse for kulturarven.

Menn er generelt litt meir interesserte i kulturminne enn kvinner, medan yngre kvinner er meir aktivt engasjerte enn yngre menn. Det er bebuarar i småbyar under 20.000 innbyggjarar og i storbyane som er mest aktive.

– Det er fantastisk å sjå at så mange er opptekne av å ta vare på det vi har. Mange tenkjer at kulturminne handlar om ting, men det handlar om menneske, historia og tilhøyringa vår. Kulturarven fortel historia om Noreg, om kven vi er og kvar vi kjem frå, seier riksantikvar Hanna Geiran i ei pressemelding. (©NPK)

Powered by Labrador CMS