
La oss håpe robotar tek jobbane våre
Vi bør jobbe hardare for at kunstig intelligens og teknologi skal ta fleire arbeidsoppgåver.
I åra framover vil det bli langt fleire eldre og færre i arbeidsfør alder her i landet. Mangelen på arbeidskraft treff no alle sektorar og landsdelar. Og verre skal det bli i åra framover, ifølgje perspektivmeldinga.
Smarte løysingar blir peika på som ein viktig del av svaret. Då må vi ikkje frykte bruken av ny teknologi. Vi må òg ta i bruk tilgjengeleg kompetanse. Utdanningsinstitusjonane må saman med næringslivet sørgje for at teknologistudentar og nyutdanna teknologar blir tidleg kopla med bedriftene, slik at vi ikkje opplever hjerneflukt og hamnar i ei teknologisk bakevje.
Dessverre er Noreg ei sinke. Vi er dårlegast i Norden på å ta i bruk nye teknologiske løysingar, og evna til å tiltrekkje oss internasjonal kompetanse er òg relativt svak. Noreg har få IKT-spesialistar, og vi manglar IKT-studieplassar.
Det er fleire grunnar til at dette bør bekymre oss. Mangel på arbeidskraft kan føre til lågare produktivitet og økonomisk nedgang, noko som igjen vil påverke lommebøkene til oss alle. Dei færraste av oss vil godta eit dårlegare velferdstilbod. Vi vil framleis vente legehjelp og sjukeheimsplass, og tilpassa undervisning i skulen for barna og barnebarna våre.
Vi har derfor ikkje noko val; vi må allereie no la teknologien gjere meir. Men dessverre går omstillinga altfor sakte. Noreg treng ei teknologisatsing. Ikkje fordi det er kult og moderne, men fordi det er heilt nødvendig for å redusere kostnader og halde oppe framtidig velferd i Noreg, med stadig fleire eldre og færre yrkesaktive.
Heldigvis finst det gode døme både i det offentlege og i næringslivet. Vest og Oslo politidistrikt er i ferd med å revolusjonere etterforsking og rapportering ved hjelp av kunstig intelligens. Arbeidet vekkjer stor internasjonal begeistring, og dei har no kome til verdsfinalen for innovasjonsleiing i Roma i september. Live strøyming av åstad og transkribering av avhøyr sparar politiet for mykje tid, som i staden kan brukast til å etterforske fleire saker, førebyggjande arbeid og patruljering.
Osterøy har den største tettleiken av robotar i bruk i landet. Kompetansesenteret for robotteknologi sørgjer for å spreie kunnskap og sikre infrastruktur til bedrifter som ønskjer å teste ut og ta i bruk nye løysingar og industri-robotar. Robotar kan mellom anna brukast til monotone eller farlege inspeksjonsoppgåver, som å avdekkje gassar og varmeutvikling og ta høgoppløyselege bilete.
Selskapet Noteless i Bergen er eit anna godt døme på at rapporteringsarbeid kan reduserast til eit minimum. Når ein legetime er over, får legen eit forslag til oppdatering av pasientjournalen. Dette sparar dei for mykje tid. Noteless vann velfortent prisen for årets helsetech-gründer i 2024.
Så kva skal konkret til for å auka Noreg si omstillingsevne og få fart i bruken av kunstig intelligens?
• Auka satsing på teknologiutdanningar, med minst 1000 nye IKT-plassar
• Styrking av etter- og vidareutdanningstilbod
• Praksisplassar for teknologistudentar
• Bruk av innovative anskaffingar for å få fram nye og innovative løysingar
• Det må bli enklare å hente internasjonal kompetanse til Noreg
• Eit skattesystem som sørgjer for at gründarar ikkje vel andre land framfor Noreg
Mange er kanskje redd for at kunstig intelligens og robotar skal gjere menneske overflødig i arbeidsmarknaden. Så langt er det er svært lite som tyder på dette. La derfor teknologien avlaste oss der det trengst!
Helene Frihammer,
regiondirektør NHO Vestland