
Engelskspråkleg grunnskuletilbod? Just say no
Regjeringa vurderer å tillate engelsk som hovudspråk i den offentlege skulen. Dei må seie nei.
Manglerud skole i Oslo har tilbydd engelskspråklege klassar i ti år. Oslo kommune vil gjere prøveprosjektet permanent. No ber utdanningsbyråd Julie Remen Midtgarden (H) regjeringa om å endre opplæringslova. Det er det ingen grunn til å gjere. Norsk skal vere hovudspråket i den norske offentlege grunnskulen. Ein barriere blir broten om ein gjev permanent løyve til grunnskuleopplæring på engelsk. Det er problematisk nok med dei internasjonale private skulane.
Det er ikkje noko problem at norske elevar blir for lite eksponerte for engelsk, men det er derimot uakseptabelt at lese- og skrivekompetansen til norske elevar er for svak. Dessutan veit vi at vi lærer best når opplæringa skjer på eige morsmål. Høgre vil difor skape nye problem i forsøket på å løyse eit problem som ikkje finst. Det legg eg til grunn at kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) forstår, sjølve om Høgrebyrådet i Oslo ivrar etter å presse ut norsk til fordel for engelsk - på endå eit område i samfunnet.
Ei kjerneoppgåve for skulen er å inkludere alle i den norskspråklege fellesskapen. I verste fall kan dette handle om framtida for norsk språk i Noreg, både bokmål og nynorsk. Engelsksykja spreier seg på fleire og fleire område i det norske samfunnet og er tidvis heilt dominerande som arbeidsspråk, til dømes i akademia.
Norsk er fleirtalsspråket og forvaltningspråket i Noreg, som alle må meistre for heilt og fullt å kunne delta i demokratiet. Det har gjennom lov om språk (språklova) formell status som nasjonalt hovudspråk i Noreg.
Skal Manglerud skole og andre få lov å byte ut norsk med engelsk, må opplæringslova endrast. Ho slår klårt fast at norsk (bokmål eller nynorsk) eller samisk skal vere hovudspråk i den offentlege skulen. Slik skal det sjølvsagt vere også i framtida.
Peder Lofnes Hauge,
leiar i Noregs Mållag