Petja satsar på ny karriere

– Erfaringane så langt har gjort meg svært lysten.

Petja Cink vart nyleg kvalifisert som STIL sin nye krinsdommar, og han legg ikkje skjul på at han har ambisjonar med fløyta.

Han har noko dommarerfaring som ung gut i Slovenia, men har dei seinare åra satsa på fotballen, dei siste sesongane som spelar for Eid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Petja fortel at han no har tatt eit aktivt karriereval: framover blir fotballdømming hovudfokuset hans.

– Eg har framleis lyst til å vere ein del av fotballfamilien, og erfaringane så langt har gjort meg svært lysten på å satse på ein dommarkarriere, seier han.

– STIL fotball ønskjer å prioritere arbeidet med å rekruttere fleire dommarar til klubben, seier fotballeiar Gro Pleym Iversen.

Det er svært gledeleg at Petja har tatt steget opp som krinsdommar. Andreas Skeistrand Bakkelid (16) ser ut til å kome hakk i hæl og har hatt sine første kampar som linjedommar i 5. og 6. divisjon denne sesongen.

– Utan dommarar blir det ingen kampar. Krinsen treng dommarar, og vi håpar å få fleire i klubben til å ta steget opp på krinsnivå dei komande åra, seier Pleym Iversen.