Norges Fotballforbund avlyser sesongen for breiddefotballen

Det blir ingen 2020-sesong for breiddefotballen. Som følgje av virussituasjonen har Norges Fotballforbund vedteke å setje sluttstrek.

Avgjerda kjem etter lengre tid med uvisse og diskusjon rundt om det ville vere smittevernmessig forsvarleg å tillate trening og kampar for breiddelaga.

Norges Fotballforbund har jobba for å få gjennomført ein svært forkorta sesong, med eit tilpassa turneringsformat, frå 3. divisjon og nedover. I argumentasjonen sin har NFF-toppane mellom anna vist til den omfattande smittevernprotokollen til forbundet og at det så langt har vore påvist lite smittespreiing som følgje av fotballtreningar og fotballkampar.

Artikkelen held fram under annonsen.

NFF har samtidig vore tydeleg på at dersom ein ikkje kom i gang med treningar innan midten av september, måtte sesongen avlysast. No er avgjerda fatta.

I lys av smitteutviklinga den siste tida har forbundet vorte kritisert for ikkje å ha sett strek tidlegare.

(©NPK)