Maren tok olympisk gull!
Fantastisk innspurt på sprinten.
Maren Hjelmeset Kirkeeide sto for ein fantastisk prestasjon då no nettopp spurta inn til olympisk gull. Ho skaut fullt hus på begge skytingane og beste langrennstid under sprinten i Italia i dag.
Det var utruleg spennande på slutten. Etter siste skyting låg ho 10 sekund bak franske Michelot, der åt ho opp meter etter meter inn mot mål. Ho var tre sekund før den franske jenta i mål, og hadde teke ut alt.
Annonse
- For eit råskinn, for ei avslutning, ropte NRK-kommentatorane.
- Eg får gåsehud , sa den gamle stjerna Tarjei Bøe.
- Det sjukaste eg har sett, slo ein annan tidlegare storløpar, Marte Olsbu Røiseland fast.
Det var nok mange med gåsehud i vårt område. For ikkje å snakke om mor Margun og syster Ane som også var på plass.