Sogndal-trenar Eirik Bakke sluttar etter sesongen. Foto: Tor Erik Schrøder/NTB/NPK.

Bakke gir seg i Sogndal etter sesongen

Sogndal-trenar Eirik Bakke forlengjer ikkje kontrakten med 1.-divisjonsklubben når den går ut ved årsskiftet. Han kjenner seg klar for nye utfordringar.

Bakke opplyste om dette på ein pressekonferanse på stadion måndag.

Han har vore hovudtrenar i Sogndal sidan 2015. Då rykte han opp etterfølgjande sesong og heldt seg i Eliteserien. I 2017 rykte klubben ned, og sidan har laget halde seg på nest øvste nivå i Noreg.

Denne sesongen har Sogndal hange bra med i toppen. Etter 18 kampar står laget med 27 poeng og ligg på 5.-plass. Opp til toar Fredrikstad på direkte opprykksplass skil det fire poeng. Jerv har rett nok like mange poeng som FFK og to kampar mindre spelt.

HamKam leier 1. divisjon med 36 poeng.

(©NPK)