Inger Veiteberg (f.v.), Marit Flatjord og Britt-Jannicke Sunde Lundal på Stardalen sommarkafe.

Lagar julekaker etter både gamle og nye oppskrifter

Damene på sommarkafeen i Stardalen har baka heimelaga julekaker for sal i over ti år, og kundelista veks jamt og trutt.

Rett ved elva i den grøderike dalen ligg Stardalen bygdetun. Huset som samlar bygda til både fest og kvardag stod klart i 1995, og rommar både barnehage og kafé.

Stardalen sommarkafé har, trass namnet, aktivitet heile året gjennom, og når novemberkulda senker seg, trekkjer tre damer inn i varmen på kjøkenet for å bake julekaker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samla oppskrifter

Kvart år i over ti år har dei tre baka julekaker i november og desember.

– I fjor trur eg vi kom opp i 4.500 kaker, så det blir ein del baking, seier Marit Flatjord.

Ho er styreleiar og finn fram oppskriftsboka der ho har samla julekakeoppskrifter frå eit heilt liv.

– Smultringane er frå Katrine Kleveland, som var leiar i Noregs Bygdekvinnelag, si oppskrift. Kokosmakronoppskrifta er frå besta si husmorskule-kokebok frå 1920, og sirupssnippane er mor mi si.

Dama likar godt å lage småkaker, og gleder seg kvart år til å ta fatt på tradisjonen.

Trio

Med seg på laget har ho Britt-Jannicke Sunde Lundal og Inger Veiteberg, og saman bakar dei tre fleire dagar i veka, dei siste vekene før jul.

– Det kan vere litt travelt, men for min del set eg veldig pris på det sosiale med det, seier Inger og får støtte frå Britt-Jannicke.

– Julekaker er ikkje akkurat min favoritt, men det er kjekt og sosialt med damene på kjøkenet. No manglar vi berre litt snø, så kjem julestemninga, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

I om lag fire veker bakar dei alt frå goro til berlinerkransar før dei set strek 5. desember.

– Vi tar i mot bestillingar fram til dess, etter det er det stopp.

Britt-Jannicke er fast tilsett i kafeen, og kan nok styre si begeistring for julekakene. – Gje meg heller ei større kake som skal pyntast, då kan vi snakkast, ler ho. Like fullt set ho pris på det sosiale og samhaldet med dei to andre damene desse dagane før jul.

Trufaste

Då pakkar dei kakene i boksar og fordeler på kundane som har bestilt. Dei fleste er frå Jølster, men jungeltelegrafen har skaffa dei kundar både i Sogn og i Florø.

Dei trufaste kundane kjem igjen år etter år for å handle kaker som er så nær heimelaga som det går an å få, utan at ein sjølv treng å løfte ein finger eller skålde ein mandel.

– Vi har mange lokale kundar som gjerne berre kopierer bestillingslappen frå året før, smiler Marit.

Med rett verktøy er halve jobben gjort. Inger likar å bruke smultringkrok til kokinga.

Stort utval

For her er det mykje å velje i. Dei nøyer seg nemleg ikkje med berre sju slag i bygda under breen. Til saman elleve sortar blir trilla, skåre eller på anna vis forma ut på kjøkenet i Stardalen.

Kva som er julekakefavoritten varierer litt frå år til år, men storseljarane er krumkaker og sirupssnippar.

– Det er vel kanskje fordi dei er meir arbeid med, at det er fleire som kvir seg litt på å lage dei sjølve, smiler Inger.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein må vere rask på labben når krumkakene kjem ut av jarnet.

Krumkake

Krumkakeoppskrifta har dei fått frå ei dame på Skei, same dama som bestiller krumkaker frå kafeen kvart år.

Oppskrifta inneheld mellom anna konjakk for å gjere dei ekstra sprø, noko som hos enkelte kan vere ei utfordring. Vanlegvis er det Marit som lagar krumkakerøra, men eitt år måtte Inger trå til.

– Eg er ikkje akkurat bevandra i alkoholen si verd, og vart litt i tvil kor mykje ein dæsj vil seie.

Resultatet vart likevel bra, og steikeosen frå krumkakejarnet førte til ekstra godt humør på kjøkenet den dagen.

– Det kan vere at det vart ein dæsj eller to for mykje i den røra, ler Inger.

I desember i fjor stod sju slag pakka og klare til å hentast ut.

Julekakegåve

I 2020 gjorde koronarestriksjonane at kafeen måtte halde stengt store delar av året, og alternative inntektskjelder måtte undersøkast.

– Då fann vi ut at vi skulle tilby gåvepakningar der vi samlar dei mest populære julekakesortane, seier Flatjord.

Det skulle vise seg å vere populært, og i år er det tredje året dei tilbyr ein smak av sju sortar pakka fint inn i gåvepakningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mange rundt her som gjer unna julegåvehandelen på kafeen, seier Veiteberg.

Med 4.500 kaker produsert i fjor, blir det ein del timar på kjøkenet. – Vi prøver å vere her alle tre dei dagane vi skal bake, på den måten blir det litt sosialt òg, seier damene i Stardalen.

4 egg

250 gr sukker

250 gr smelta margarin eller smør

250 gr potetmjøl

250 gr kveitemjøl

1 ts vaniljesukker

1 dæsj/klunk cognac

Visp egg og sukker til eggedosis. Ha i det smelta smøret og sikt inn potetmjøl, kveitemjøl og vaniljesukker. Rør inn ein dæsj med cognac, og spe med vatn slik at ein får tynne og fine kaker.

– Det er viktig at krumkakejernet har eit tungt lokk, slik at røra blir spreidd godt nok utover jarnet. Er det ikkje skikkeleg press når ein let igjen jarnet, vil kakene bli for tjukke og ikkje bli sprø nok, opplyser Marit.

Nydelege til kaffien, moltekremen eller saman med eit lite glas cognac.