Vestland fylkeskommune ber regjeringa tredoble tilskotet til rasutsette vegstrekningar. Dette raset gjekk over fylkesveg 451 i Jølster i Vestland i 2019. Foto: Audun Braastad/NTB/NPK.

Vestland vil ha meir pengar til rasfarlege vegar

Vestland fylkeskommune ber regjeringa tredoble tilskotet til rasutsette vegstrekningar.

– Vi ønskjer å sikre dei mest rasutsette stadane raskast råd. No er det pengane som hindrar oss i å få fortgang i arbeidet, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland til NRK.

Han ber om ein årleg auke frå 400 millionar til 1,2 milliardar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Askeland viser til at regjeringa i Hurdalsplattforma har lova ei betydeleg satsing på rassikringsmidlar til fylkesvegane.

Forfallet på fylkesvegane i Vestland er på rundt 14 milliardar kronar.

– Men vi må begynne i ein ende. No må regjeringa levere, og så skal vi kvittere kjapt ut og gi tryggare liv for mange menneske i fylket vårt, seier Askeland.

(©NPK)