– Helsefag til Firda

I forslag til ny tilbodsstruktur er det foreslått at Firda VGS skal tilby utdanning innan helsefag til ungdom. Frå 1980 og fram til 2014 var dette eit tilbod skulen hadde, men vi mista det i førre store tilbodsstruktur. Året etter måtte fleire elevar pendle ut av kommunen for å ta denne utdanninga. Talet på elevar frå Gloppen ungdomsskule som valde helsefag gjekk ned. Kvifor Region Fjordane no ønskjer å legge tilbodet til Nordfjordeid i staden for Firda, er vanskeleg å forstå.

Forslaget om igjen å kunne tilby vg1 helse-og oppvekstfag og vg2 helsearbeidarfag ved Firda VGS, vil vere positivt for ungdommen i kommunen, skulen vår, og ikkje minst for helse- og omsorgstenesta i Gloppen og nærliggande kommunar. Det er stort behov for kvalifisert arbeidskraft. Ved at ungdommane får moglegheit til å utdanne seg i heimkommunen, er det også med på å rekruttere både helgevakter og ferievikarar i ei teneste som har behov for fleire hender.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Firda VGS har vi sidan 2013 gitt opplæring til minoritetsspråklege vaksne og andre vaksne gjennom Gloppen-modellen. På den måten har vi vore med på å utdanne mange nye helsefagarbeidarar frå alle kommunar i regionen. Det har vore eit meiningsfylt arbeid, då vi har erfart at Gloppen-modellen har gitt nye moglegheiter for vaksne. Skuleåret 2024/25 skal vi i gang med nye tilbod for denne gruppa, men tenk kor flott om både vaksne og ungdom kunne ha eit likeverdig opplæringstilbod innan helsefag på Firda VGS frå skuleåret 2025/26! Det vil styrke opplæringa både til dei vaksne og ungdomane våre.

Det har i mange år vore satsa på yrkesfag i heile landet. Firda VGS er ein av få skular i Vestland som ikkje tilbyr eit einaste yrkesfag. Der er mange ungdommar i Gloppen som ønskjer å gå yrkesfag. Desse må per dags dato ut av kommunen for å få eit slikt tilbod. Så er det ikkje slik at alle kjem til å velje helsefag. Det vil framleis vere mange som kjem til å reise ut av kommunen for andre opplæringstilbod. For oss er det viktig at dei som ønskjer å gå denne retninga, har moglegheit for eit slikt opplæringstilbod i Gloppen. Vi har undervisningsrom, vi har utstyret som trengst, og ikkje minst; vi har eit sterkt fagmiljø med lærarar i dei aktuelle faga. Med andre ord: vi har det som krevst for å starte opp tilbod med vg1 helse- og oppvekstfag og vg2 helsearbeidarfag. Vi manglar kunn tilbodet.

Utdanningsforbundet,

klubben ved Firda VGS