– Dei klimatiske forholda er i endring og vanskeleg å sikre seg mot, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) om kvifor regjeringa foreslår å auke løyvingane til produksjonssviktordninga med nærare 700 millionar kroner. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Tilskotsordninga til bøndene ved produksjonssvikt blir auka med nesten 700 millionar kroner

Totalt vil det utbetalast 800 millionar kroner i 2024 til bønder som har søkt tilskot for produksjonssvikt. Løyvinga blir auka med 698 millionar kroner.

– Mange bønder stod i fjor i ein svært vanskeleg situasjon etter ein krevjande sesong med tørke, og deretter store nedbørsmengder og flaum, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) i ei pressemelding.

Produksjonssviktordninga skal bidra til å redusere det økonomiske tapet til bøndene. Som følgje av vêrsituasjonen i fjor, søkte svært mange bønder om tilskot gjennom ordninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein stor del av utbetalingane skjer i år, og det er derfor regjeringa i revidert nasjonalbudsjett vil auke løyvinga til ordninga med 698 millionar kroner.

Ifølgje tal frå Landbruksdepartementet hadde norske bønder sendt nesten 7500 søknader om tilskot innan fristen i fjor. Det er sju–åtte gonger over normalt.

Auken kjem også av at regjeringa i fjor innførte nye satsar og heving av taket for maksimalt tilskot ved produksjonssvikt. (©NPK)