Vestland feilberekna tal elevar – har 20 klassar for lite i vidaregåande

Store ungdomskull, nytt lovverk og flyktningar gjer at fleire fylkeskommunar manglar mange klassar i vidaregåande skule. Vestland åleine manglar 20 klassar.

Publisert Sist oppdatert

Vestland fylkeskommune må finna plass til 500 fleire søkjarar til vidaregåande skule enn venta. Dette har ført til at politikarane må avbryta ferien for å finne løysingar, opplyser opplæringsdirektør Bjørn Lyngedal til NRK.

Den uventa auken i søkarar kjem som følgje av ei ny opplæringslov, som gir alle under 24 år rett på skuleplass dersom dei ikkje har fullført vidaregåande skule. I tillegg er det eit stort ungdomskull og flyktningar frå Ukraina som bidreg til auken.

I Rogaland og Akershus er situasjonen liknande, med fleire søkarar enn forventa og fulle skular. I Akershus vurderer dei å leige ekstra lokale for å få plass til alle elevane.

Statssekretær Synnøve Mjeldheim Skaar i Kunnskapsdepartementet seier til NRK at auken var venta, og at fylkeskommunane er kompenserte for det auka elevtalet gjennom justerte inntekter. Ho understrekar at lokalpolitikarane har ansvaret for skulestrukturen, og at regjeringa vil støtte fleksible og desentraliserte tilbod innan yrkesfagleg vidaregåande opplæring. (©NPK)

Powered by Labrador CMS