Veg i Hyen er stengt

Fv 5730 til Gjengedal i Hyen er stengt som følgje av stein i vegbana, opplyser Vegtrafikksentralen fredag morgon.

Geolog er på veg til staden.

Vegen blir truleg stengt ut dagen.

Dei som bur i Gjengedal har både straum og telefon, og skuleelevane der har heimeskule.