Varden sluttar i Helse Førde
Arve Varden går av som administrerande direktør i Helse Førde for å bli kommunedirektør i Høyanger.
– Eg går ikkje av fordi eg ønskjer meg bort frå Helse Førde, snarare tvert i mot. Det er med tungt hjarte eg førebur meg på å avslutte. Det har vore, og er framleis, eit privilegium å få leie ein så viktig samfunnsinstitusjon med så mange dyktige tilsette, seier Varden i ei pressemelding frå helseføretaket.
No vender han tilbake til jobben han kom frå i 2018, som kommunedirektør i Høyanger. Der han også har pendla frå i dei åtte og eit halvt åra han har styrt helseføretaket.
– Eg veit eg kjem til å sjå tilbake på desse åra med takksemd. Eg har lært mykje, og det har vore gjevande å leie så mange flinke og dedikerte fagfolk i heile Sogn og Fjordane.
Tilbake til Høyanger
Det er ikkje endeleg avklara når Varden har sin siste arbeidsdag i Helse Førde, men styreleiar Ole Gunnar Krakhellen fortel at prosessen for å finne den nye direktøren er i gang. Varden orienterte styret om avgjerda tysdag. I same møte vart det planlagt eit ekstraordinært styremøte 2. september kl. 17:00, der tilsetjingsprosessen blir formelt starta. I dette møtet blir det sett ned eit tilsetjingsutval med tre medlemer, blant dei ein representant for dei tilsette.
– Varden har ordinær oppseiingstid på tre månader, og styret såg ingen grunn til å erstatte han før tida. Rekrutteringsprosessen startar så fort som råd, seier styreleiar i Helse Førde, Ole Gunnar Krakhellen, i pressemeldinga.
– Synd for Helse Førde
– Dette er synd for Helse Førde, for vi misser ein inkluderande og folkeleg leiar med stor tillit i alle leirar og eit godt forhold til dei tilsette. I Arve Varden si tid har vi stått i vanskelege prosessar, samtidig som vi har utvikla føretaket og lagt rammene for framtidas spesialisthelseteneste i Sogn og Fjordane, legg Krakhellen til.
Varden seier han kjem til å vere tolmodig og vil halde seg til datoen Høyanger kommune og styret i Helse Førde kjem fram til.
– Eg er avslappa med tanke på det, og eg har ting å gjere før siste arbeidsdag i Helse Førde. Vi vil få i gang prosessen rundt modernisering av den einaste intensivavdelinga i Sogn og Fjordane, og så håpar eg at dei første legane i avtalespesialistsenteret i Lærdal er på plass før den tid.
Einaste grunnen
Etter krevjande prosessar rundt Tronvik og lokalsjukehuset i Lærdal, opplever Varden at Helse Førde no er inne i ein konsoliderande fase. Det gjer også at han meiner tidspunktet kan vere bra for å gi stafettpinnen vidare, sjølv om det ikkje er årsaka til at han går av.
– Eg kjenner eit sterkt engasjement for Høyanger kommune, og ønskjer å bidra der i åra som kjem. Det er den einaste grunnen til at eg tek denne avgjerda, seier Arve Varden.