Vaksineregistrering i Sunnfjord

Koronovaksinering i Sunnfjord kommune er i full gang. Denne veka blir vaksinering av eldre på institusjonane avslutta.

Etter dette blir dei eldste aldersgruppene vaksinerte i tur og orden. For å få oversikt over kven som ønskjer vaksine, blir det no sett i gang registrering.

Sunnfjord kommune ønskjer oversikt over kven som ønskjer koronavaksine av dei som er 65 år eller eldre. Foto: FHI.

Dei eldste

Kommunen ønskjer tilbakemelding frå alle som er fødde mellom 1937 og 1955. Det kommunen vil ha svar på, er om dei som tilhøyrer denne aldersgruppa ønskjer vaksine eller ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spørsmål om dette er sendt ut via e-post og SMS og svarfristen er komande onsdag.

– Det er viktig for oss at du svarer, både om svaret ditt er ja eller nei. Det er avgjerande for kommunen si planlegging av korona-vaksinering at vi får registrert om du vil ha vaksine. Dette gir oss naudsynt oversikt over kven vi skal kalle inn til vaksinering, og kven vi må kontakte via andre kanalar, skriv kommunen på heimesida si.