Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) stiller statsrådsposten sin til disposisjon i høve jentedagen 11. oktober. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Utviklingsministerposten er ledig – men berre for éin dag

Er du ei jente mellom 12 og 16 år? Då kan du bli utviklingsminister for éin dag, tilbyr Utanriksdepartementet.

Det skjer i samband med jentedagen 11. oktober, då jenter tek over leiarstillingar i heile verda, opplyser Utanriksdepartementet.

Personen som «blir tilsett», får ansvaret for Noregs utviklingspolitikk, med hovudvekt på rettane til jenter og likestilling, og dessutan global helse og utdanning og får òg følgje utviklingsministeren i nokre av dei daglege gjeremåla hans og møte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Departementet byr på givande arbeidsoppgåver og hyggjelege kollegaer, men gjer merksam på at engasjementet er ulønt.

(©NPK)