Ein brukskonto med 0 i rente gir bankane ein tusenlapp i året frå ein vanleg familie.

Nesten alle gir banken ein tusenlapp i året

Dei fleste brukskontoar har 0 prosent rente. For eit heilt gjennomsnittleg norsk hushald kan det utgjere nærare 1000 kroner i året om ein sikrar seg høgare rente.

Publisert

– Lønnskontoane er ei litt usynleg mjølkeku for bankane, seier Guro Sollien Eriksrud, som er fagsjef for forbrukarøkonomi i Forbrukarrådet.

Ein gjennomgang av Finansportalen til Forbrukarrådet viser at 148 produkt for brukskonto (daglegkonto) viser at 112 kontotypar gir 0 prosent rente. Nokre få bankar tilbyr mellom 0,10 og 0,05 prosent rente. I tillegg legg dei fleste bankane på toppen gebyr for kortet og visse uttak.

Behald 900 kroner

Mange bustadlånskundar har vorte meir prismedvitne når renta stig. Samtidig gløymer vi lønnskontoen, som ikkje utgjer så store summar for kvar enkelt.

– Ja, og for kvar enkelt forbrukar utgjer nok inneståande på lønnskontoen lite i forhold til storleiken på eit bustadlån, seier Eriksrud hos Forbrukarrådet.

Ho oppmodar likevel til å gå inn på Finansportalen til Forbrukarrådet. Der finn du verktøyet som gjer det enkelt å samanlikne renter på lån og forbrukskonto og å byte bank.

Eit lite regnstykke viser at eit hushald i år truleg får månadleg utbetalt i snitt vel 60.000 kroner etter skatt (SSB for 2024: 56.340 kroner). Om ein vel ein brukskonto som gir 3 prosent rente, så vil det gi 900 kroner i året. Summen er basert på at ein sakte et av månadssummen gjennom månaden.

Fagsjefen viser til at bankane ved å ha låge eller null renter på brukskontoar får billige innlån i form av alle personkundars samla lønn, pensjon og trygd.

Milliardar til banken

– Situasjonen i dag er ikkje haldbar. Kundane får altfor låg rente på pengar dei har ståande på lønnskonto, meiner LO-sekretær Fawsi Adem, som har ansvar for forbrukarpolitikk.

Han viser til at rentenettoen til bankane var 138 milliardar kroner i 2025, mot 84 milliardar då renteoppgangen starta.

– Samtidig har norske bankar høgare rentemarginar enn bankar i samanliknbare land. Det er sterke teikn på at konkurransen ikkje fungerer godt nok. Rekninga hamnar hos kundane.

Finanstilsynets rapport frå februar viser i ein gjennomgang av ti av bankane at 170 milliardar norske kroner er plasserte på lønnskonto.

Dei konkluderer mellom anna i rapporten om situasjonen for forbrukarane i innskotsmarknaden at interessene til forbrukarane ikkje blir i tilstrekkeleg grad varetekne.

– Dette kjem av både svakheiter ved regelverket og manglande etterleving frå bankane si side.

Ventar nye reglar

– Lønnskontoane er ei litt usynleg mjølkeku for bankane, seier Guro Sollien Eriksrud som er fagsjef forbrukarøkonomi i Forbrukarrådet. Byter du lønnskonto kan du ha 1.000 kroner til jul.

LO og Forbrukarrådet er blant organisasjonane som ser fram til at praksisen til bankane blir stramma opp. Spesielt ønskjer dei slutt på unntaka der bankane mellom anna får lage produktpakkar der ein kan kople innskot og bustadlån.

– Produktpakkar svekkjer ofte konkurransen og gjer det vanskelegare for forbrukarane å forstå og samanlikne ulike tilbod. I tillegg gjer produktpakkane det vanskeleg å berre flytte éi teneste, seier Eriksen.

Dei har foreslått at finansføretaksforskrifta blir endra, slik at produktpakkar berre kan tillatast dersom det kan dokumenterast at dei gir ei kostnadsinnsparing for kunden.

– Bankane bør ikkje kunne krevje lønnskonto for å gi betre vilkår på bustadlånet, seier Adem i LO.

Han ønskjer at reglane kjem på plass snart og gjer det enklare å byte bank og gir sterk konkurranse.

– Bruk konkurransen

Bankane sjølv seier at det er mange bankar som har null-konto, og at svaret er at alle bankane set sine eigne prisar i konkurranse med dei andre.

– Men generelt er det slik at brukskonto ikkje er ein sparekonto, det er ein transaksjonskonto, seier kommunikasjonsdirektør Tom Stavi i Finans Noreg.

– Oppmodinga mi til forbrukarane er å utnytte konkurransen i marknaden. For innskotsprodukt er det svært enkelt, seier han og viser til at alle bankane har ulike sparekontoar med høgare rente, med og utan bindingstid.

– Erfaringa mi er at bankane er flinke til å opplyse kundane sine om ulike kontotypar og vilkår dei kan velje.

Rentemøte torsdag

Torsdag 5. november blir det klart om Noregs Bank justerer opp styringsrenta, eller om den blir ståande på 4,5 prosent.

Dette styrer renta på innskot og ulike lån framover. Då gjeld det for bankkundane å følgje med og vurdere om tida er inne for å sjå nøyare på innskotskonto eller bustadlån.

Fredag skreiv seniorøkonom Kyrre Aamdal i DNB Carnegie at nye data kan peike mot at rentetoppen allereie er nådd. Dermed er det venta at Noregs Bank held styringsrenta uendra.

Det same seier sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i SpareBank 1 Sør-Noreg.

– Vi forventar at renta blir halden uendra på 4,5 prosent. Vi trur Noregs Bank vil halde døra på gløtt for endå ei renteendring, anten i år eller tidleg neste år.

Han meiner Noregs Bank truleg vil peike på uvissa rundt dei økonomiske utsiktene.

– Det blir spennande å sjå om det kjem teikn til at rentetoppen kan vere nådd, seier han. (©NPK)

Powered by Labrador CMS