Kristin Skogen Lund leier pensjonsutvalet, som legg fram rapport torsdag. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Utval foreslår å heve aldersgrensa for pensjon

Aldersgrensa for pensjon bør opphevast og erstattast med eit system der grensa blir heva i takt med auka levealder, meiner Pensjonsutvalget.

Unge som er fødde på 90-talet, må rekne med å jobbe til dei er 70 og eit halvt år, medan dei som blir fødde i dag, må stå i arbeid til dei er over 72, om utvalet får det som det vil.

Dagens faste aldersgrenser på 62 og 67 år er nemleg uheldige fordi dei sender eit signal til dei yrkesaktive om når det er naturleg å vurdere å avslutte yrkeskarrieren, heiter det i rapporten «Et forbedret pensjonssystem».

Artikkelen held fram under annonsen.

Pensjonsutvalet vart nedsett av Solberg-regjeringa i 2020 for å gå pensjonsreforma frå 2011 etter i saumane.

Rapporten, som mange har venta på, blir overlevert til arbeids- og sosialminister Marte Mjøs Persen (Ap) torsdag klokka ti.

Nødvendig reform

Pensjonsutvalet fekk i oppgåve å vurdere om det var behov for reforma, om ho ser ut til å verke etter hensikta og om det er behov for justeringar.

På alle tre spørsmåla svarer utvalet eit klart ja.

Ein hovudkonklusjon er at pensjonsreforma var nødvendig for å avgrense veksten i pensjonsutgiftene.

– Det er likevel klart at utgiftene til pensjon vil auke betydeleg dei næraste tiåra, slår utvalet fast.

Samtidig vil forslaget frå utvalet medføre at staten må ut med 20 milliardar kroner meir i pensjon i 2060, ifølgje Skogen Lund.

Påverke oppfatninga

Å få folk til å stå lenger i jobb er derfor viktig for å sikre den økonomiske berekrafta i systemet. Det vil bidra til både auka verdiskaping og høgare skatteinntekter – og meir i pensjon til den enkelte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eit sentralt formål med å auke aldersgrensene er derfor å påverke den generelle oppfatninga i befolkninga av når ein bør planleggje å ta ut alderspensjon, heiter det i rapporten.

Samtidig bør grensene for andre inntektssikringsordningar i folketrygda, som dagpengar, uføretrygd, arbeidsavklaringspengar og sjukepengar bli auka i takt med aldersgrensene i pensjonssystemet, påpeikar utvalet.

Skjerming av uføre

Samtidig konkluderer utvalet med at det er fleire forhold ved dagens regelverk som ikkje i tilstrekkeleg grad bidreg til å sikre den sosiale berekrafta i pensjonssystemet.

Utvalet peikar særleg på at uføre ikkje blir skjerma for såkalla levealdersjustering, som inneber at tent pensjon blir fordelt på det talet på år eit årskull er forventa å leve. Jo lengre levealder, jo mindre blir årleg utbetalte i pensjon.

Utvalet foreslår dermed mellom 1/2 og 2/3 skjerming for uføre. Også for minstepensjonistane blir det foreslått nokre endringar i levealdersjusteringa.

Breitt forlik

Utvalet tek også til orde for eit nytt breitt pensjonsforlik. Rapporten blir no send til behandling i både regjering og Storting.

– Det er viktig at pensjonssystemet har brei politisk oppslutning over tid. Det gir stabilitet og føreseielegheit på tvers av politiske skifte og er viktig for tilliten til systemet, heiter det i rapporten.

(©NPK)