Unge vernar seg minst mot sola
Unge under 30 år blir oftare solbrende, sjekkar sjeldnare huda for forandringar og bruker i langt større grad UV-indeks til å sole seg når indeksen er høg.
Det viser Solvaneundersøkelsen, ei ny befolkningsundersøking gjennomført for Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) .
– Huda gløymer ikkje, og gjentekne episodar med solbrendheit aukar risikoen for hudkreft. Små grep, som skugge, klede og solkrem når UV-indeksen er 3 eller høgare, kan gjere ein stor forskjell, seier seniorrådgivar Elise Fonn i DSA i ei pressemelding.
Medan rundt 40 prosent av befolkninga bruker UV-indeksen for å vite når dei bør verne seg mot sola, svarer 41 prosent av unge under 30 år at dei bruker henne for å sole seg når indeksen er høg. Dette er ein auke frå 2024, då 20 prosent av dei unge oppgav denne praksisen.
Noreg ligg på verdstoppen i førekomst og dødelegheit av melanom (føflekk-kreft), og hudkreft er blant kreftformene som har auka mest dei siste tiåra. (©NPK)