Det er førebels ein kronglete veg å gå før sesongarbeidarane får halde fram med å jobbe ved norske gartneri. Her var jordbærplukkarane i sving sommaren 2001. Arkivfoto: Morten F. Holm/NTB/NPK.

Ukrainske sesongarbeidarar i Noreg får ikkje jobbe

Ukrainske sesongarbeidarar får ikkje forlengt arbeidsløyvet i Noreg. Justis- og beredskapsministeren kan ikkje svare på når dei kan få kome i arbeid igjen.

Når arbeidsløyvet for ukrainske sesongarbeidarar går ut, får dei ikkje halde fram med å arbeide. I staden må dei registrere seg ved eit flyktningemottak og få individuelt behandla asylsøknaden sin. Medan dei ventar på nytt arbeidsløyve, må dei belage seg på å få sosialstøtte frå Nav, skriv NRK.

I eit normalår er det om lag 1.000 ukrainske sesongarbeidarar i norske gartneri, ifølgje Norsk Gartnerforbund. Forbundet har bede Arbeids- og inkluderingsdepartementet om å føre vidare dei same reglane som under pandemien, då sesongarbeidarane fekk forlengt arbeidsløyve.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det verkar så unødvendig. Når du søkjer eit individuelt vern så tek det ein god del lengre tid. Og då har du ikkje lenger høve til å jobbe, seier Tove Ladstein, fagansvarleg for arbeidsliv i forbundet.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl seier at regjeringa vil sørgje for at ukrainske sesongarbeidarar som allereie er i Noreg, skal få komme i arbeid. Ho kan førebels ikkje seie noko om når eller korleis det skal skje.

(©NPK)