Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) orienterer pressa om trygdeoppgjeret i Arbeids- og inkluderingsdepartementets lokale i Oslo. Foto: Annika Byrde/NTB.

Trygdeoppgjeret: Pensjonen aukar med 4,12 prosent

Alderspensjon under utbetaling får ein årleg auke på 4,12 prosent.

Det melder Arbeids- og inkluderingsdepartementet onsdag.

Auken er på 3,53 prosent frå 1. mai, men 4,12 prosent på årsbasis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er samtidig klart at grunnbeløpet i folketrygda aukar frå 106.399 kroner til 111.477 kroner frå 1. mai 2022, noko som svarer til 4,77 prosent.

Talgrunnlaget har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Senior Norge, Forsvarets seniorforbund, Landsforbundet for offentlege pensjonistar, Funksjonshemmas fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av organisasjonane til funksjonshemma, LO, YS, Unio og Akademikerne.

– Det er viktig med eit berekraftig pensjonssystem, og både pensjonistane og unge må bidra. Eg er glad for at vi i år får vekst i grunnbeløpet og pensjonane, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap). (©NPK)