Torsdagsstormen feiar over Sør-Noreg
Allereie natt til torsdag auka vinden for delar av Vestlandet og Trøndelag. Utover dagen aukar det på, og Sørvestlandet og Austlandet får mest vind på kvelden.
Meteorologane frå Meteorologisk institutt har allereie åtvara om kraftige vindkast fleire stader i Sør-Noreg.
– Vi tilrår å sikre lause gjenstandar, lydde rådet nøkternt.
Annonse
For dei som enno ikkje har følgt rådet, kan det framleis vere tid.
For delar av Vestlandet, Trøndelag og Innlandet blæs det allereie kuling med kraftige kast. Vêret vil auke på, før det roar seg i 21-tida.
Dei gule farevarsla for vindkast gjeld frå klokka 19 til klokka 1 på delar av Austlandet og frå klokka 20 til midnatt på Sørvestlandet.
Ruskevêret er relativ kortvarig denne gongen.
Annonse
– Det blir rolegare vêr i Sør-Noreg etter at torsdagsstormen har roa seg, spår meteorologane. (©NPK)