Til helga blir det vårleg vêr i Sør-Noreg – opp mot 17 grader nokre plassar
Fredag blir det sol for dei fleste i Sør-Noreg. I Møre og Romsdal blir det varmast med opp mot 17 grader.
Det blir ei vårleg helg i Sør-Noreg, skriv meteorologane.
– Austanfjells vil høgaste temperatur liggje mellom 12 og 14 grader. Laurdag og søndag vil det regne i vest. I aust vil det vere lokal tåke, skriv dei.
(©NPK)