Blomar ved Myklebustdalselva etter at Thomas Niiranen Hamre blei borte der natt til 21. juni 2026.
Det vart leita etter Thomas Niiranen Hamre i Myklebustdalselva i Breim i fleire veker i sommar.

Thomasfondet deler ut restmidlar

Under søket etter Thomas Niiranen Hamre i Gloppen i sommar vart det samla inn over 900.000 kroner. No startar tildelinga av restmidlane.

Publisert Sist oppdatert

– Midlane gjorde det mogleg å planlegge for større, profesjonelle tiltak for ein leiteaksjon som såg ut til å halde fram over tid. Thomas vart funnen, og desse tiltaka vart difor aldri sette fullt ut i verk, skriv styret i Thomasfondet på Facebook.

Dei melder at utlegga knytte til leitearbeidet no er gjorde opp, og det står monalege restmidlar att.

– I tråd med fondet sine vedtekter skal restmidlane gå til lag, organisasjonar og grupper som var viktige i leitinga, og som betydde noko for Thomas. Styret tek seg no god tid til å kartlegge og sikre at midlane blir forvalta og fordelte på ein ryddig og rett måte, utdjupar dei i innlegget.

Gloppen Brannvernforening er den fyrste mottakaren, som har fått 50.000 kroner til kjøp av utstyr. Foreninga arbeider tett med brann- og redningsetaten i Gloppen, og skal mellom anna «drive førebyggande aktivitetar retta spesielt mot barn og unge» .

Styret i fondet opplyser at det vil kome fleire tildelingar etter kvart. Samstundes rettar dei ein stor takk til alle som bidrog økonomisk, praktisk og med varme gjennom heile leiteperioden. (©NPK)

Powered by Labrador CMS