Straumen i andre kvartal i år var tre gonger høgare enn i same kvartal i fjor. Noreg blir påverka av dyrare rammevilkår for produksjon av straum i Europa. Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Straumprisen har tredobla seg på eitt år

Prisen på straum var i andre kvartal tre gonger høgare enn i same kvartal i 2020. Dyrare fossilt brensel og CO2-utslepp i Europa førte til prisauke i Noreg.

I oversikta over straumprisen frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som vart offentleg tysdag, går det fram at gjennomsnittleg pris for norske hushald var 50,9 øre for ein kilowattime før avgifter og nettleige.

Dette er tre gonger høgare enn prisane var i same kvartal eitt år tidlegare, då straumprisen var historisk låg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den kraftige prisauken blir forklart med at det har vore auka pris på fossilt brensel og utslepp av CO2 i samband med kraftproduksjonen i Europa.

– Sidan den europeiske og norske kraftmarknaden er tett knytt saman via mellomlandssamband, har straumprisen òg auka i Noreg i andre kvartal, skriv SSB og viser til kvartalsrapporten frå Noregs vassdrags- og energidirektorat.

Gjennomsnittleg total straumpris, medrekna avgifter og nettleige, var 116,1 øre for ein kilowattime. Oppgangen på heile 60 prosent skjedde sjølv om Statnett reduserte nettleiga med 24 prosent, som eit koronatiltak for å hjelpe straumkundar med vanskeleg økonomi.

(©NPK)