Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag kallar det eit stort tap for nynorsken. Foto: Kristianne Marøy/Noregs Mållag/NPK.

Stortinget sa nei til å sikre nynorske læringsressursar laga for skulen

Tysdag 23. mai sa Utdanningskomiteen nei til å sikre nynorske læringsressursar som er laga for skulen. Det meiner leiaren i Noregs Mållag er heilt uforståeleg.

– Det er heilt uforståeleg at fleirtalet på Stortinget ikkje vil modernisere opplæringslova slik at ho vert tilpassa den digitaliserte framtida i skulen. Dette er eit stort tap for nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Både Utdanningsforbundet, Forleggerforeningen, Språkrådet, Nynorsksenteret, Noregs Mållag, Norsk Målungdom og 121 ordførarar i Noreg har bede om lovendringa som skulle sikre nynorske læringsressursar laga for skulen. Men i utdannings- og forskingskomiteen fekk Ap og Sp med seg Høgre og Frp for å halde nynorskkravet ute av lova. Medan Raudt, SV og Venstre ynskte å vedta lovendringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For over 50 år sidan vedtok Stortinget at læremiddel skulle kome til same tid og til same pris på nynorsk og bokmål. I ein skulekvardag med fleire og fleire appar bryt Stortinget no i praksis dette prinsippet, seier Peder Lofnes Hauge. (©NPK)