Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum (t.v.), Jonas Gahr Støre (AP) og Erna Solberg (H) er alle statsministerkandidatar. I VGs nye statsministermåling får Solberg mest støtte. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Statsministermåling: Jamt mellom Støre og Vedum – flest vil ha Solberg

Erna Solberg (H) er den føretrekte statsministeren på VGs statsministermåling. Der er det jamt mellom Jonas Gahr Støre (Ap) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

I ei undersøking Respons Analyse har gjort for VG svarer 38 prosent at dei ønskjer at Solberg held fram som statsminister.

23 prosent føretrekkjer Støre, medan 21 prosent ønskjer Vedum som statsminister etter 2021-valet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom valet berre består av alternativa Solberg og Støre, svarer 50 prosent at dei føretrekkjer Solberg. Det er opp 5 prosentpoeng frå august. 39 prosent peikar på Støre, ein auke frå 36 prosent.

Delen som er usikre, eller som ikkje vil velje nokon av dei to, går ned frå 19 i førre måling, til 11 prosent.

(©NPK)