Stakk av frå politiet i 191 km/t
Ein bilførar stansa ikkje under ein fartskontroll i 90-sona på Rv. 15 ved Grotli natt til torsdag.
Eirik Krossen i UP Nordfjord fortel til avisa Fjuken at bilen først vart målt til rett under 150 km/t. Bilen var då i retning vestover. Sidan føraren ikkje ville stanse, tok politiet opp jakta.
Annonse
– Bilen snudde etter kvart, og austover vart den målt til 191 km/t. Vi avslutta forfølginga sidan vi ikkje såg det som forsvarleg å fortsetje, opplyser Krossen.
Politiet vil ha tips i saka.
I kontrollen blei det elles skrive ut fem forenkla førelegg. Høgste målte fart var 120 km/t.