Etterforskar drapsforsøk i Førde

Vest politidistrikt har starta etterforskning av drapsforsøk etter at ein mann søndag kveld blei knivstukken utanfor etestaden Venezia i Førde sentrum. 

– Ein 19 år gammal mann er pågripen og sikta for forsøk på drap. Han vil bli avhøyrd av politiet i dag. Det er foreløpig ikkje avklara korleis han stiller seg til siktinga. Sikta har fått oppnemnt advokat Jørgen Riple som forsvarar, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding måndag føremiddag.

Fornærma, ein mann i 30-åra, blei frakta til sjukehus og blir ivareteken der.

– Politiet kan ikkje seie noko om tilstanden hans no. Han har per tid ikkje fått oppnemnt bistandsadvokat.

Politiet har gjennomført kriminaltekniske undersøkingar på åstaden og vil halde fram med det utover dagen.

– Etterforskninga vil vidare dreie seg om vitneavhøyr, innhenting av videoovervaking frå området og undersøking av tekniske bevis, heiter det i pressemeldinga. 

 

Powered by Labrador CMS