Bilferja MF «Fannefjord» frå Fjord1. Foto: Halvard Alvik/NTB/NPK.

Stabil drift for Fjord1

Fjord1 omsette for 826 millionar kroner i fjerde kvartal 2020. Det er ein auke på 20 prosent samanlikna med året før. Omsetninga for heile fjoråret er på 3.117 millionar kroner, ein auke på 393 millionar kroner som følgje av ni nye samband som starta opp 1. januar 2020.

Resultat før skatt for 2020 er 206 millionar kroner, som er ein nedgang på 53 millionar kroner samanlikna med 2019.

Året 2020 var prega av stor aktivitet knytt til oppstart av nye elektriske ferjer. Ved utgangen av året hadde Fjord1 30 elektriske ferjer. Flåtefornyinga og elektrifisering av sambanda dei siste åra har i 2020 bidrege til markante reduksjonar i CO2 og NOx- utslepp, heiter det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nye elektriske ferjer har gjort oss til det mest miljøvennlege ferjeselskapet i verda, og elektrisitet utgjer no 40 prosent av energibruken vår. Selskapet sin kompetanse innanfor ny teknologi gir oss moglegheiter og konkurransekraft til å konkurrere om nye kontraktar både i Norge og utlandet, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, i ei pressemelding.

(©NPK)