Snøskredfaren aukar fleire stader i landet
Frå onsdag aukar snøskredfaren fleire stader i Noreg. Det blir åtvara om at kraftig vind og nedbør kan gjere at skred losnar av seg sjølv.
I store delar av landet er det allereie gult farevarsel om snøskred. Frå onsdag blir farevarselet endra til oransje mange stader, noko som betyr at det er betydeleg snøskredfare.
Varselet gjeld mellom anna for Troms, delar av Finnmark, Lofoten, Ofoten, Helgeland og Jotunheimen.
– Unngå skredterreng, skriv Varsom.no.
Røde Kors kjem med ei oppmoding til dei som ferdast i fjellet, om å planleggje turane kontinuerleg og ikkje berre i forkant.
– Følg med på endringar undervegs i løpet av dagen, og gjer løpande vurderingar av vegval. Temperatur og snøforhold kan endre seg stort i løpet av dagen, seier Jannicke Høyem, leiar for ressursgruppe skred i Norges Røde Kors.
Høyem tilrår alle å ta trygge vegval og følgje godt med på vêrvarslingar og Varsom.no.
I nord kan snøskredfaren auke ytterlegare skjærtorsdag og endrast til raudt farevarsel, som betyr stor snøskredfare.
Vinden dreier mot nordvest på torsdag, noko som aukar belastninga på svake lag i snødekket ytterlegare, spesielt i sør- og austvende fjellsider, skriv NRK. (©NPK)