Denne appen blir snart fullstendig erstattar for BankID på mobil. Foto: Beate Oma Dahle/NTB/NPK.

Snart slutt for BankID på mobil

1. september skal BankID på mobil takast ut av drift, og erstattast heilt og fullt av BankID-appen. BankID Bankaxept ber folk bli ferdige med overgangen.

– 15 år med BankID på SIM-kortet er over. No er det appen som gjeld for å få ein mobil og trygg BankID. Det er lurt å komme i gang med appen før du mistar BankID på mobil, slik at du kan aktivere appen med den gamle løysinga, seier Jan Bjerved, leiar for ID i BankID Bankaxept.

1. september blir det slutt på poetiske kombinasjonar av to ord, som har vore ei moglegheit sidan 2009. No har likevel dei fleste meldt overgang til BankID-appen, og i sommar blir det altså nødvendig dersom ein vil sleppe å bruke kodebrikka. (©NPK)