Tone Holvik kan sjå tilbake på nær åtte år som stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus. Parallelt med denne jobben har ho vore prosjektleiar, samhandlingssjef og sjef for ortopedisk avdeling. Pressefoto.

Sluttar som leiar ved Nordfjord sjukehus

30. november har stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus, Tone Holvik, sin siste arbeidsdag i Helse Førde.

Holvik har vore i Helse Førde i nær åtte år når ho no sluttar. I tillegg til jobben som den stadlege leiaren i Nordfjord, har ho leia utviklingsprosjekt i både Lærdal og Førde. Ho har også vore samhandlingssjef og avdelingssjef på ortopedisk avdeling.

– Det har ikkje mangla på arbeidsoppgåver i Helse Førde, seier 62-åringen i ei pressemelding.

Ho er no på veg tilbake til yrket ho eigentleg er utdanna for – som sjukepleiar i heimkommunen Kinn.

– Det har vore spennande og utfordrande år. Eg er blitt godt kjend med spesialisthelsetenestene i området vårt, og ikkje minst lært mykje om samhandlinga med kommunane. Eg kom til Helse Førde i ettertid av mykje strid og uro rundt lokalsjukehusa, og blei den første stadlege leiaren. For meg var det viktig å skape ro omkring sjukehuset i Nordfjord, og samtidig vise nordfjordingane at vi faktisk har eit fungerande lokalsjukehus. Eg trur eg har vore ei tydeleg røyst for lokalsjukehusa inn i føretaksleiinga i Helse Førde, samstundes som eg har vore oppteken av heilskapen i spesialithelsetenesta i helseføretaket. No blir det spennande å følgje utviklinga for lokalsjukehusa vidare, seier Tone Holvik.