No kan det vere lurt å stengje av vatnet på hytta for å unngå frostskadar. Illustrasjonsfoto: Berit Keilen/NTB scanpix/NPK.

Sintef: På tide å stengje vatnet på hytta

Forskingsinstituttet Sintef minner om at den første frostnatta kan vere like rundt hjørnet, og at det er lurt å stengje av vatnet for å unngå frostskadar.

Talet vass-skadar på norske hytter aukar, og skjer spesielt i samband med den første frosten. Frost-sprengde vassrøyr er den vanlegaste årsaka, skriv Sintef.

– Rundt 5.000 hytteeigarar vil oppleve ei vass-skada hytte i 2020 viss hausten blir normal med omsyn til utetemperaturar. Blir hausten derimot kaldare enn normalt, kan skadetala auke betydeleg, seier forskingsleiar Lars-Erik Fiskum i Sintef Community.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at vass-skadar på hytta oftast er dyrare enn ein vass-skade i hovudbustaden, fordi hytta ofte står utan tilsyn.

For å unngå frostsprengde røyr, foreslår dei å stengje hovudvasstilførselen og setje alle tappearmatur i open posisjon, lukke alle lufteventilar og vindauge, fylle alle vasslåsar, sluk og toalettskåler med frostvæske ved fare for frost, og å ikkje senke temperaturen i hytta lågare enn til cirka 10 °C om mogleg.

(©NPK)