Sigurd Reksnes. Arkivfoto.

Reksnes blir ny ordførar i Stad, Kjøllesdal held fram i Stryn

Sigurd Reksnes (Sp) blir den nye ordføraren i Stad kommune.

Det er klart etter at Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Høgre i natt blei samde om eit samarbeid. Judith M. Kvåle (Ap) vert varaordførar, skriv Fjordabladet.

Sp gjorde eit godt val i Stad og gjekk fram 5,6 prosentpoeng til 33,2 prosent oppslutning. Venstre var den store valtaparen. Partiet gjekk tilbake 27,0 prosentpoeng til 9,2 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Per Kjøllesdal frå Utvik held fram som Stryn-ordførar. Arkivfoto.

Ein ny periode for Kjøllesdal

I Stryn er Per Kjøllesdal (Sp) sikra fire nye år i ordførarstolen etter å ha inngått avtale med Høgre. Sonja Øvre-Flo (H) blir ny varaordførar, melder Fjordingen.

Sjølv om det blei ein tilbakegang på 1,5 prosentpoeng, er Senterpartiet framleis det største partiet i Stryn med 32,5 prosent av røystene.

Høgre er nest størst med 24,2 prosent (-7,1).