Stadig fleire sel og kjøper brukte bunader. Foto: Carina Johansen/NTB/NPK.

Rekordmange sel bunaden sin

Det har aldri vore så mange brukte bunader til sals på Finn.no Forbrukarøkonom trur fleire har vorte meir klar over kva verdiar ein har i skapet – når krona er så låg.

Direktør og bruktekspert for Torget til bruktmarknaden Finn.no, Kathrine Opshaug Bakke, fortel til NRK at dei aldri har sett fleire bunader og festdrakter ute til sals som no.

– Så langt i år så er det lagt ut over 15.300 bunader. Det er ny rekord, med meir enn 2500 fleire annonsar enn i same periode i fjor. Og mai er framleis ikkje over, seier Bakke til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brukteksperten trur det er fleire grunnar.

– Vi ser at stadig fleire er interesserte i å kjøpe brukte klede. Over halvparten av den vaksne befolkninga kjøper faktisk brukte klede. Det har nok smitta over til bunad. Vi ser også at det er ganske trendy med bunad, seier ho.

Forbrukarøkonom i Danske Bank, Thea Olsen, trur økonomi kan vere ei medverkande årsak til auken i salet av brukte bunader.

Ho forklarer at dei har sett i forbrukarsamfunnet at majoriteten av befolkninga ikkje har redusert forbruket sitt så raskt som dei forventa. Ei av årsakene kan vere at folk sparte pengar under pandemien.

– No byrjar vi derimot å sjå ei endring. Vi ser no at fleire er nøydde til å redusere forbruket sitt, og at det har vorte trongare økonomisk. Ved å selje ein bunad kan ein få inn relativt mykje pengar på ein gong. (©NPK)