Statsminister Erna Solberg (H) seier at det kan bli mogleg både for norske og utanlandske statsborgarar å krysse grensene med koronasertifikat. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Regjeringa vurderer bruk av koronasertifikat for reising i EU før felles europeisk løysing

Når Noreg og andre land i EU har verifiserbart koronasertifikat på plass, vil regjeringa vurdere å opne for bruk av sertifikatet på reise til og frå EU.

Den første verifiserbare versjonen av koronasertifikatet skal etter planen vere ferdig tidleg i juni, og det vil vere eigna for å bruke her i landet, opplyser regjeringa.

Den siste versjonen, som etter planen kjem i slutten av juni, skal vere i tråd med alle EU-krav. Den versjonen skal òg kunne brukast for å kunne komme over grensene eller unngå til dømes karantene ved innreise.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om vi har verifiserbart koronasertifikat på plass før EU, og også andre land har tilsvarande sertifikat vi stoler på, vil vi vurdere å opne for slik bruk av koronasertifikat for reise til og frå EU før den felles europeiske ordninga er på plass, sa statsminister Erna Solberg (H) på ein pressekonferanse onsdag.

På spørsmål frå NTB understrekar Solberg at dersom dette er tilfelle, vil det òg gjelde utanlandske statsborgarar som vil inn i Noreg.

– Det kan vere at det er nokre land som vil ha eit system der dei som sit på grensene, kan kontrollere at du er du, og at dette er eit korrekt sertifikat, sa Solberg.

– Men vi veit ikkje i dag korleis det vil bli, derfor jobbar vi med desse spørsmåla og skal sjå på det. Vi kan ikkje seie noko heilt sikkert akkurat no, sa statsministeren.