Frelsesarmeen er ein av dei frivillige organisasjonane som får ekstra pengar til jul. Regjeringa vil gi 25 millionar kroner ekstra til sosiale tiltak og aktivitetar for sårbare grupper i jula. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Regjeringa vil gi ekstra julepengar til sårbare grupper

Regjeringa vil gi 25 millionar kroner ekstra til sosiale tiltak og aktivitetar for sårbare grupper i jula.

Pengane skal gå til frivillige organisasjonar, til digitale produksjonar i regi av Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn – og dessutan til å sikre at hjelpetelefonar kan halde ope i jula.

Formålet er å kompensere for dei negative konsekvensane av koronapandemien og smitteverntiltaka, opplyser regjeringa på nettsidene sine.

– Vi veit at jula er vanskeleg for mange. No er det endå fleire som går ei uviss framtid i møte fordi mange av tiltaka for dei sårbare gruppene er stengde ned. Vi er bekymra for at dei som allereie har det tøft, vil få det endå vanskelegare. Det er viktig å kompensere for dette og gi håp og omtanke inn mot ei spesiell jul, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Mellom anna blir 16 millionar foreslått til sosiale aktivitetar, alternative julefeiringar og julehjelp, som matkasser, klede og gåver til sårbare grupper. Det vil føre til at Frelsesarmeen, Blå Kors, Røde Kors og Kirkens Bymisjon kan nå ut til fleire.

5 millionar blir foreslåtte som bidrag til å auke frekvensen og kvalitet på digitalt innhald og digitale arrangement for Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn. 2 millionar kroner skal gå til støtteordningar for å halde fritidsordningar opne for barn og unge, medan hjelpetelefonar får 1,6 millionar til å auke bemanninga i jula.

(©NPK)