Statsminister Erna Solberg kjem til Stortinget onsdag, der ho skisserte ein plan for korleis Noreg skal opne igjen. Foto: Torstein Bøe/NTB.

Regjeringa innfører massetesting i skulane

Massetetsting av skuleelevar skal setjast i gang så snart som mogleg. Kommunar med høgast smittetrykk blir prioritert.

– Målet er å komme i gang med systematisk og regelmessig testing i skular no etter påske. Det vil då vere dei kommunane med høgast smittepress i skulealder som vil bli prioriterte, sa statsminister Erna Solberg (H) då ho orienterte Stortinget om planen for gjenopninga av samfunnet.

Ho viste til at det blir gjennomført ulike prøver med massetesting i Oslo, Bergen, Askøy og Molde. Ved Universitetet i Oslo testa om lag 50 prosent av studentane seg. Av dei rundt 2.700 testane, var det 7 positive prøver.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statsministeren meiner hurtigtestar og sjølvtestar eignar seg best til massetesting, fordi det ikkje går utover kapasiteten til laboratoria, og vi har god tilgang på dei.

– Massetesting kan bidra til meir fysisk undervisning, og til at vi raskare kan gå til nye trinn i gjenopningsplanen dersom smitten blir avgrensa, sa ho.

Både nasjonale og lokale styresmakter har gjentekne gonger trekt fram at dei ønskjer å prioritere barn og unge. Dei har peika på at dette er ei sårbar gruppe, og Solberg grunngir tiltaket med massetesting med nettopp dette, ifølgje Aftenposten.

(©NPK)