Norsk Redaktørforening og Norsk Journalistlag meiner arbeidsledige og trygdemottakarar skal få stønad til å abonnere på ei lokalavis. – Utgangspunktet vårt er at vi er opptekne av å førebyggje utanforskap og styrkje lokaldemokratiet, seier styreleiar Hanna Relling Berg i Norsk Redaktørforening. Foto: Vidar Flak

Redaktørforeininga og Journalistlaget vil at alle skal få avis

Norsk Redaktørforening og Norsk Journalistlag meiner arbeidsledige og trygdemottakarar skal få stønad til å abonnere på ei lokalavis. Tilgangen til ei lokalavis førebyggjer utanforskap, meiner dei.

– Utgangspunktet vårt er at vi er opptekne av å førebyggje utanforskap og styrkje lokaldemokratiet. I takt med at stadig meir av lokalstoffet er øyremerkt abonnentar er det mange som går glipp av vesentleg informasjon, seier styreleiar Hanna Relling Berg i Norsk Redaktørforening til Nynorsk pressekontor

Saman med nestleiar Dag Idar Tryggestad i Norsk Journalistlag (NJ) har ho skrive ein kronikk kor det blir tatt til orde for ei ordning med verdikort for å sikre at dei som står utanfor arbeidslivet får tilgang på ei avis.

Liknande ordning finst

Redaktørforeininga og Journalistlaget peikar på at det allereie eksisterer ei liknande ordning, men at den er lite kjend.

– I sosialtenestelova ligg inne eit punkt om at ein kan få dekt eitt avisabonnement. Det blir sett på som viktig for å kunne fungere – på same måte som ein treng telefon, treng ein òg ei avis. Det er veldig mange som ikkje er klar over den moglegheita som ligg der. Derfor blir òg det tilbodet brukt i liten grad, fortel Relling Berg.

Ho ønskjer no at den allereie eksisterande ordninga skal vidareførast og utvidast.

– Vi vil at ordninga ikkje berre skal gjelde folk som treng sosialhjelp, men òg arbeidsledige. Dette har vi spesielt sett viktigheita av no etter koronautbrotet. Talet på arbeidsledige har auka og behovet for informasjon og moglegheit til å orientere seg er ekstra stort når ein er i ein slik situasjon. Mange seier kanskje opp lokal- eller regionavisabonnementet sitt for å spare pengar. Det vil forsterke utanforskapen, konstaterer Relling Berg.

Kan administrerast med skjema

Styreleiaren peikar på at ordninga enkelt kan administrerast med eit skjema.

– Alle som er avhengige av NAV-stønad, sosialhjelp eller arbeidsavklaringspengar skal få eit skjema kor dei kan krysse av for kva avis ein ønskjer dekt.

– Vidare har vi sagt at bransjen saman med dei som tildeler stønaden skal finne gode praktiske løysingar. Det skal vere enkelt å administrere. I praksis blir det å administrere noko som allereie ligg der, men som få kjenner til, legg ho til.

Lokalstoff er viktig for unge

Relling Berg viser òg til ei finsk undersøking som har tatt for seg effekten av at barn og unge dagleg les aviser.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Der såg ein at elevar som les aviser dagleg gjer det betre på skulen. Sjølv om det kan vere mange årsaker til det er lokalstoffet ein veldig viktig motivasjon til frivillig lesing blant unge. Dei som då står utan abonnement går òg glipp av det, seier ho og peikar på at mangel på at det kan vere med å skape eit forskjellssamfunn.

– Det å jamne ut sosiale skilnader er veldig viktig. Lokale medium har ei viktig rolle når det gjeld å skape eit fellesskap, avsluttar styreleiaren.

(©NPK)

Norsk Redaktørforening og Norsk Journalistlag meiner arbeidsledige og trygdemottakarar skal få stønad til å abonnere på ei lokalavis. Tilgangen til ei lokalavis førebyggjer utanforskap, meiner dei.Foto: Berit Roald / NTB scanpix/NPK