Illustrasjonsfoto. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Rasteplassar gror igjen

Mange rasteplassar rundt om i Noreg er dårleg halde ved like, men det er uklart kven som har ansvaret for å rydde.

I Noreg har vi om lag 700 rasteplassar spreidd ut over heile vegnettet i landet. Standarden og kvaliteten varierer mykje frå plass til plass, og det er uklart kven som har ansvaret, skriv NRK Vestland.

Ifølgje lova er det den som eig vegen som har ansvar for å halde rasteplassen ved like. Det vil seie at det er fylka som har ansvar på fylkesvegane, medan det er Statens vegvesen som har ansvaret for riks- og europavegar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nils Sødal i NAF meiner ansvaret allereie er tydeleg fordelt, men at det kanskje må kommuniserast tydlegare slik det er klart for dei ulike forvaltningsnivåa.

Han seier rasteplassane er viktige for at bilistar skal kunne kvile seg i løpet av bilturen.

(©NPK)