Poker er i vinden for tida
- Vi har plass til hundre spelarar desse kveldane, og det brukar å vere nesten fullt, fortel Tore Støylen.
Han er ein av dei som står bak pokerkveldane på Gloppen Hotell, som har vorte eit svært populært og uformelt tilbod for folk som likar litt spenning, spekulering, bløffe litt med korta og ikkje minst ha det sosialt.
Seks kveldar for året er det slike samlingar, denne gongen på fredag kveld under Sandanedagane. For ordens skuld må vi legge til at ein ikkje spelar om pengar, berre heider og ære og nokre sponsa premiar.
- Dette er for dei som har lyst og høve, ein må melde seg på førehand. Det har vorte veldig populært, eg trur det er fordi det er så inkluderande. Her kjem det deltakarar frå alle kantar og alle land, ein kan vere introverte eller ekstroverte, det er eit spel med mykje psykologi, smiler Støylen.
Og den påstanden er det ikkje råd å by over på…
Bildetekst