Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) tilbyr pensjonistane 3,58 prosent årsvekst i løpande alderspensjon i årets trygdeoppgjer. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Pensjonistane får 3,58 prosent årsvekst i løpande alderspensjon i trygdeoppgjeret

Staten tilbyr pensjonistane 3,58 prosent årsvekst i løpande alderspensjon i årets trygdeoppgjer. Kravet var 3,83 prosent.

Pensjonistforbundet og LO forventa ein solid oppgang i årets trygdeoppgjer, men blir berre delvis høyrt av regjeringa.

Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) møtte torsdag partane i arbeidslivet for å leggje fram resultatet i årets trygdeoppgjer. Pensjonistforbundet, LO og dei andre organisasjonane i oppgjeret hadde på førehand kravd ein årsvekst på 3,83 prosent i alderspensjonane, men det kravet vil ikkje Isaksen innfri.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alderspensjon frå folketrygda under utbetaling får ein auke i pensjonen på 4,99 prosent frå 1. mai, medan årleg auke blir 3,58 prosent. Alderspensjon frå offentleg tenestepensjon blir regulert på same måte.

Alderspensjon under opptening, uføretrygd, og andre ytingar som er regulerte gjennom grunnbeløpet, får ein inntektsauke på 4,98 prosent frå 1. mai, medan årleg auke blir 3,83 prosent.

– I år blir den årlege reguleringa av alderspensjon under utbetaling i tråd med eit gjennomsnitt av lønns- og prisauken. Det ligg i tillegg inne ein kompensasjon for 2020, som gjer at nivået blir som om reguleringa var slik òg i 2020. Samla gjer det at pensjonistane kjem vesentleg betre ut enn vanlege lønnsmottakarar, seier Isaksen (H) i ei pressemelding.

Grunnbeløpet i folketrygda aukar med 4,98 prosent frå 101.351 kroner til 106.399 kroner frå 1. mai 2021

(©NPK)