Pasient testa positivt

Ein pasient som var innom Førde sentralsjukehus søndag, har i dag testa positivt på korona. Arbeidet med smittesporing er i gang. Ni tilsette i Helse Førde er sette i karantene, skriv helseføretaket i ei pressemelding måndag kveld.

Pasienten blei akutt dårleg på gjennomreise i Sogn og Fjordane. Vedkomande blei frakta med ambulanse til Førde sentralsjukehus. Her blei det raskt avgjort å sende pasienten til Haukeland universitetssjukehus. Ein koronatest teken i dag, viste seg å vere positiv.

– Vedkomande blei kartlagt for covid-19 på sjukehuset i Førde, men sidan det ikkje var symptom eller mistanke om smitte blei det ikkje teke test, seier fagdirektør i Helse Førde, Evy-Helen Helleseth i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

I alt ni tilsette i Helse Førde er sette i karantene. Dette er ambulansepersonell som køyrde personen til og frå Førde, samt helsepersonell som var i kontakt med pasienten i mottaket ved sentralsjukehuset.

Arbeidet med smittesporing held fram utover kvelden. Pasienten sin heimkommune er varsla.

– Vi samarbeider med Helse Bergen i det vidare smittesporingsarbeidet, seier Helleseth.