Nordmenn er kanskje litt for kjappe til å ta paracetamol når dei ikkje kjenner seg så bra.

Paracetsalet når nye høgder

Det vart selt rundt 660 millionar paracetamoltablettar i fjor, ifølgje anslag frå Apotekforeningen. I norske apotek har paracetsalet auka 49 prosent på sju år.

Publisert Sist oppdatert

Norske apotek står for rundt 40 prosent av paracetsalet, og oppgir til P4 at dei selde 7,4 millionar pakkar i fjor, både reseptpliktige og reseptfrie. Om ein då legg til det reseptfrie salet i matbutikkar og kioskar, og reknar om til tablettar, kjem Apotekforeningen til eit det samla talet på tablettar på 660 millionar. Det reseptbelagde salet utgjorde 519,6 millionar vanlege 500mg paracetamol-tablettar.

– Og om du reknar vidare på det vil det seie at kvar nordmann, uavhengig av alder, har hatt tilgjengeleg hundre tablettar kvar av paracetamol med 500mg, seier fagdirektør i Apotekforeningen, Hanne Andersen, som seier dei undrast over det høge talet.

Ho seier det kan vere grunn til å sjå på om forskrivinga blir gjord heilt i tråd med dei nasjonale retningslinjene.

Professor i psykisk helse ved Oslomet, Siv Skarstein meiner folk har ein uvane med å medisinere vonde kjensler og form med Paracet, men det er ikkje medikamentet meint for.

– Nokon bruker jo medisinen mot tristheit, uro og tungsinn, seier ho. (©NPK)

Powered by Labrador CMS