Opphevar lokale smitteverntiltak

Frå onsdag 7. april er det nasjonale anbefalingar og reglar kring smittevern som gjeld i Stad kommune.

– Gjennom påska har testing og smittesporing vist at ein no kan vurdere smittesituasjonen i kommunen som godt kontrollert. Den siste tida har ein fått nokre nye smittetilfelle, men desse har vore kopla til tidlegare smitta i utbrotet og utviklinga har vore som forventa, skriv kommuneoverlege i Stad, Thomas Vingen Vedeld, i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

Sidan oppfølginga av utbrotet ikkje er heilt avslutta, opprettheld ein risikonivå 2 (kontroll med klynger) i kommunen ut denne veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Situasjonen er likevel slik at ein ikkje lenger ser behov for eigne lokale smitteverntiltak i Stad kommune. Frå onsdag 7. april er det nasjonale anbefalingar og reglar kring smittevern som gjeld i kommunen. Desse samsvarer i stor grad med dei råda som har vore lokalt, men etter dei nasjonale anbefalingane kan barn og unge under 20 år delta på fritidsaktivitetar, skriv Vingen Vedeld.

Stad kommune oppfordrar framleis alle innbyggjarar til å ha svært låg terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.